– eit friluftsmuseum med ulike bygningar frå det gamle bondesamfunnet.
Telefon museet: 35 02 08 40   epost:hnm@heddalbygdetun.no
Velkommen til Heddal Bygdetun
Aktuelt
Fotoarkiv
Bygningar
Historikk
Praktiske opplysningar
For skulen
Utstillingar
Artiklar
Kulturstigen
Kontakt oss

Museum + skule = sant

Dei skulane som ynskjer omvisning eller vil bruke museet kan vende seg til Heddal Bygdetun ved leiar Einy Waage.

Trykk for stor versjon av bildet
Mange skular er allereie ivrige brukarar av museum i undervisninga, mens andre ikkje har tenkt så mykje akkurat i dei banane. Med sine gjenstandar, hus og omgivnader er kulturhistoriske museum er ein god innfallsvinkel og kjelde til kunnskap om ressursutnytting og lokale tilhøve. Museum kan brukas som eit utvida klasserom i til dømes samfunnsfag, natur– og miljøfag, kunst og handverk og tilvalsfag. Prosjektundervisning kan og flettast inn her.

Trykk for stor versjon av bildet
Det er mange måtar å nærme seg eit museum på. Kva passar best for nett dykkar skole, og kva slags ynskje har de? Er musea t.d. for ”gamaldagse” i høve til L97, er det noko som lærarane saknar ved musea, eller ligg musea der som ein uoppdaga oase i lokalmiljøet?

Trykk for stor versjon av bildet
Alle musea står til disposisjon for skuleverket, med sidan behova til den enkelte skule ⁄ lærar varierer sterkt, har vi ingen faste undervisningsopplegg. Vi kan derimot drøfte opplegg med dei ulike brukarane. Kom gjerne med innspel!


Heddal Bygdetun, Heddalsvegen 385, 3676 Notodden ? Telefon museet: 35 02 08 40 Telefon v⁄ leiar: 35 01 17 07 ⁄ 416 22 664
Opningstider 13. juni – 19.juni  Kl. 10 – 17 , 20.juni – 15. august Kl. 10  – 19

Utviklet av Intellicom