Tekst og foto: Torgeir Retterholt
Opninga av Bygdetunet i år fall saman med opninga av Kulturstigen – ein stig i tid, og mykje folk kom som vanleg for å vera med på dette årlege kulturarangementet. Det var også fyrste året at Bygdetunet var eit konsolidert museum under industriarbeidarmuseet på Vemork. Dei tunge skyene måtte vike for sola, og det blei eit hyggeleg samkome for alle.